Småleik – lansering laurdag!

Laurdag er det offisiell lansering av barnestemnet SMÅLEIK 2019.  Folkedans-ungdom frå Oslo syner fram noko av det SMÅLEIK har å by på, og arrangørane presenterer ideane bak stemnet.

SMÅLEIK er eit sommarstemne for barn og ungdom som er glad i folkedans og folkemusikk.  Heile St. Hans-helga 2019 vert via til song, dans, spel og mykje moro. Sjå www.småleik.no

SMÅLEIK lanserast  på Riksscenen under Oslokappleiken og Folkelarm.

Tid: Laurdag 10. november klokka 18:45

Stad: Riksscenen, kafé-scenen i Lille Oslo

SMÅLEIK er ei ny nasjonal storsatsing.  Fleire organisasjonar er gått saman om å lage til eit stemne som med topp instruktørar og musikarar.  Stemnet blir hovudsakleg halde på Apalløkka ved Lillomarka i Oslo.  Her blir det verkstader, overnatting, friluftsaktivitetar og danse- og musikkfest for store og små frå fredag 21. til søndag 23. juni.  SMÅLEIK er òg ein del av Folkemuseet sitt store jonsok-program søndag 23. juni.

SMÅLEIK skal blåse nytt liv i dei lokale danse- og musikktradisjonane frå Oslo og Akershus. Fleire arrangement og prosjekt utover hausten og våren skal førebu stemnet, til dømes Saffa-kurset i Akershus, Oslosamlinga og eit særskilt skoleprosjekt i Groruddalen.

SMÅLEIK er ope for alle barn og ungdomar i alderen 6–18 som anten driv med folkemusikk, folkedans eller folkesong – eller som har lyst til å prøve seg. Nybegynnarar og vidarekomne er like velkomne. Mange deltek saman med gruppa eller laget dei vanlegvis er med i, men familiar, vennegrupper og enkeltdeltakarar kan òg melde seg på. Påmeldinga startar i februar.

Hovudarrangørar:

  • Barnelaget i Oslo
  • UFO (Unge folkemusikere i Oslo)
  • Leikarringen i BUL Oslo
  • Noregs Ungdomslag

Medarrangørar:

  • Akershus musikkråd
  • Kultivator AS
  • Norsk Folkemuseum
  • Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk iAkershus (Saffa)

Samarbeidspartnarar:

  • Riksscenen
  • FolkOrg
  • Bygdelagssamskipnaden
  • Landsrådet for norske barne- og ungdoms­organsjonar (LNU)

 

Dato
10. november 2018
Kl.18.45

Følg oss på sosiale media