Historia til Barnelaget

Barnelaget i Oslo er Bygdelagssamskipnaden sitt spel- og dansarlag for barn og unge. Barnelaget skal skapa eit sunt og trygt miljø for barna og ungdommane gjennom samværsdans, folkemusikk og andre folkelege kulturaktivitetar. Laget samarbeider med andre organisasjonar, lag og verksemder for å styrke felles kulturelle føremål. Barnelaget er eit lokallag i Bygdelagssamskipnaden BLS (fylkeslag i Noregs Ungdomslag), og er samstundes med i Folkorg (Organisasjon for folkemusikk og folkedans).

Fyrste annonse i 1962

Hausten 1962 starta Leikrådet i Oslo Fylkeslag opp leikarring for barn med mål om å få eit fast barnelag. Dette vart særs vellykka, og alt første året var det med 40 barn. I 1965 vart laget særlag i BLS, med eigne vedtekter og styre. Den organisatoriske statusen har veksla, og mellom 1994 og 2003 var laget direkte lagt under BLS-årsmøtet, utan sjølvstendig økonomi. Men lagsnamnet var det same, og aktiviteten i Nordahl Brunsgate heldt fram uavbrote, med eige foreldredrive styre og leiar. Frå 2003 har laget vore registrert som lokallag i NU (Noregs Ungdomslag), og frå 2022 er Barnelaget òg lokallag Folkorg i  (Organisasjon for folkemusikk og folkedans).

Den fyrste leiaren var Gunhild Holt i 1966/1967. Ho hadde vore skrivar sidan oppstarten vinteren 1962/1963. Jon Aarekol var ein høgt skatta ildsjel som dreiv laget i nær ti år frå 1997 til 2006. Andre leiarar som har sete i meir enn 2 år, er Mette Waaler (1969–1971), Per Tuft (1988–1990), Tore Granseth (1993–1996), Heidi Grymyr (2009–2014), Anja Maria Brænd (2014–2018) og Michael Brenna (2019–2022).

Barnelaget er det einaste lokallaget for folkedans og folkemusikk eksklusivt for barn her i landet, og er, ved sida av Norsk Folkemuseums dansegruppe, den barneringen som har halde på i lengst tid samanhengande, med dans kvar veke i skuleåret heilt sidan tiltaket starta opp. Aktiviteten har hatt den ramma som framleis gjeld, med sosialt samvær i kafeen og dans og musikk i salane i BLS frå halv seks til sju på torsdagar.

Bygdøystemna 1977 (fotograf ukjend)

På 1960-talet kom oppslutninga raskt opp i mellom 50 og 60 barn, fordelt på tre parti etter alder og dugleik. I ulike periodar har det i tillegg vore ei ungdomsgruppe for 13–18-åringane, og i 1987 vart det starta opp ei familiegruppe for førskulebarna. I dag dekker laget alderstrinna 3–15 år, og har fire parti: lillegruppa, mellomgruppa, storegruppa og toradar-gruppa.

Opphavleg var Barnelaget eit tilbod til medlemmene i laga i Nordahl Brunsgate, men i nyare tid har laget mest vore drive av foreldre utan BLS-bakgrunn, med danseleiarar og musikarar leigd inn utanfrå. Barnelaget var på sitt største i 1982, med 133 barn, men oppslutninga har gått opp og ned. Allereie hausten 1986 var det berre 33 barn tilbake, og i 1993–1994 var laget nede i 15–20 barn. Dei seinare åra har oppslutninga lege jamt rundt 30. Medlemstalet fekk seg ein liten knekk då koronakrisa råka i 2020–2021, men er no på stø kurs opp att.

I alle åra har Barnelaget vore aktive med dansefestar, framsyningar, stemner og turar, gjerne i samarbeid med andre lag i byen, og rundt om i landet elles. Barnestemna i Oslo i 1982 hadde 400 deltakarar frå heile landet, skuleovernatting, mottaking i Rådhuset, dans ned Karl Johan og mykje annan moro. På 2000-talet har laget teke del i dei nordiske BARNLEK-stemnene, både i Noreg, Sverige, Danmark, Island og på Færøyane. Med unntak av pandemi-nedstenginga i 2020–2021, har Barnelaget fram til i dag vore fast innslag på Bygdøystemna, som tidlegare samla hundrevis av folkedansarar frå BLS. Samskipnaden hadde tre barnelag i 1969, og då deltok 185 barn på Bygdøy – 20 frå Østerdalslaget, 40 frå Barnelaget og heile 125 frå BUL. Då BUL la ned aktiviteten i barnelaget sitt, blei Barnelaget i BLS eit felles lag, og endra namn til Barnelaget i Oslo.

Bygdøystemna 2019 — Småleik (fotograf Thor Hauknes)

Etter at sommerstemna for alle BLS-laga tok slutt, har Barnelaget halde fram med Bygdøystemna i samarbeid med andre barnegrupper. Det toppa seg i 2019 då det gamle Friluftsteateret på Folkemuseet vart bygd opp igjen i samband med SMÅLEIK-festivalen. Rundt 120 barn frå ulike spel- og dansarlag var med, og barn frå Barnelaget i Oslo stilte opp både som dansarar og felespelarar. SMÅLEIK-prosjektet gjekk føre seg frå 2018 og gjennom heile 2019. Det omfatta produksjon av eit stort tal danse- og musikkvideoar (Folkepedia), folkedansopplæring i skulefritidsordninga (AKS), sommarleir med musikk- og danseverkstadar, og ei mengd andre kurs og framsyningar. Dette var eit millionprosjekt, drive fram og koordinert av Barnelaget i samarbeid med mange andre lag og verksemder. Bygdelagssamskipnaden var største sponsor saman med Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, og BLS-laga stilte opp med stor dugnadsinnsats. SMÅLEIK løfta fram musikk- og dansetradisjonane i Osloregionen, og er no arrangementsmodell for Noregs Ungdomslag. Her er nokre festivalklipp. Barnelaget var òg med på fleire andre Småleik-videoar: tretur på Romsås, halling i Rådhuset og songleik på Linderud.

Bygdelagssamskipnaden
BLS dekkjer for ein stor del utgiftene til honorar og husleige for Barnelaget. Det har gitt gode vilkår for å driva laget utan avbrot, også i kriseperiodar. Nye barnekull har heile vegen fått det gode sosiale samværet og venskapet som ligg i den norske dansen og musikken.

I dag er BLS den frivillige organisasjonen i landet som gjev det største enkeltståande driftstilskotet til folkedans og folkemusikk for barn. Barna er det viktigaste bindeleddet, men også det mest sårbare, når dei rike samværstradisjonane våre skal gå i arv til nye generasjonar. Gjennom Barnelaget har BLS i to mannsaldrar tatt eit stort ansvar for å halda denne flotte kulturarven aktiv og levande – og ikkje minst morosam!

Knutsen og Ludvigsen bur i ein tunnel. Dei har ein grevling i taket. Han heiter Nordahl Brun, og er maskoten til Barnelaget.

Grevlingen Nordahl Brun er skapt av Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen, alias Knutsen & Ludvigsen, og dukka for første gang opp i låta «Grevling i taket» på albumet Knutsen og Ludvigsen nr. 3 – Tut. Låta vart den første store slageren deira. Øystein Dolmen var illustratør og albumdesignar for Knutsen & Ludvigsen, og har laga ei teikning av grevlingen spesielt for Barnelaget. Gata der vi held til, er oppkalla etter Nordahl Brun.