Påmeldinga til Småleik er i gang!

Det blir verkstader og lokale tradisjonar ― og mykje, mykje moro.

SMÅLEIK er danse- og musikkverkstader

På Småleik kjem mange av dei beste instruktørane og musikarane vi har her i landet. Du får lære nye ting i lag med andre barn og ungdomar, og vere med å lage flotte framsyningar. Siste dagen på Småleik er St. Hans, og da blir det masse moro og flott Småleik-show på Norsk folkemuseum på Bygdøy.

Les meir om Småleik-artistane her.

SMÅLEIK er lokale tradisjonar

Visste du at Oslo og Akershus hadde masse folkemusikk og folkedans før i tida? På Småleik skal du vere med å blåse liv i desse tradisjonane. Snart kjem det mange flotte filmar med nokre av dansane og musikken du kan lære på Småleik.

Sjå ein liten smakebit her.

SMÅLEIK er liv og moro

Festivalen går føre seg på Apalløkka ved Lillomarka, og her er både badeplass og fotballbanar. Det blir overnatting på skolen, der dei yngste kan ha med seg familien. Det blir fest og moro frå morgon til kveld, og det fantastiske folkemusikkbandet VRANG er med og lager topp stemning heile vegen.

Les meir om programmet her.

Småleik er FOR ALLE!

Du treng ikkje ha spela folkemusikk eller dansa folkedans frå før av. Uansett om du er heilt nybegynnar eller har masse erfaring, eller er sånn midt imellom, så blir Småleik like gøy. Enten slekta di kjem frå byen, bygda eller frå andre land – musikken og dansen på Småleik er fengande for alle. Heile Småleik er lagd til rette for store og små, uansett funksjonsevne.

Meir info om tilbodet på påmeldingssida her.